Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

Hva partiene vil gjøre om de får likestillingsministerposten / G

Hva Kystpartiet vil prioritere om de får posten som likestillingsminister

Dette vil kandidat Wenche I. Sola prioritere:

Ein av prioriteringane her er sjølvsagt at alle elevar skal inkluderast i skulen på like vilkår, inkludert elevar med funksjonshemming og kroniske sjukdomar, og som skal ha undervisninga si mest mogleg og i størst mogleg grad i lag med dei andre elevane i klassen, på eit likeverdig grunnlag.

Kystpartiet meiner at alle born skal ha rett til opplæring i sitt nærmiljø. Skulen skal samla elevane om ein felles kulturarv i ein felles, sosial kontekst og oppdra dei til demokrati. Kystpartiet vil også leggja større vekt på norskopplæringen og norsk rettskrivning.

Kystpartiet meinar at HMS reglane i Arbeidsmiljølova også skal gjerast gjeldande for klasseromma. Og at elevane sine rettar må her likestillast med dei tilsette sine rettar. Kystpartiet meinar også at satsinga på å oppdatera eldre skulebygg må intensiverast.

Jfr. kap 5.1 i Kystpartiet sitt partiprogram.

Elles legg Kystpartiet stor vekt på menneskjeverdet og menneskjeverdisynet, der elevar, ungdom og menneskjer generelt med funksjonshemming og kroniske sjukdom, skal vera mest mogleg inkluderte i samfunnet vårt.