Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Vestland

Kontaktinformasjon

FFO Vestland

Vibecke Magnus, fylkessekretær

vibecke.magnus@ffo.no

Mobil: 94487908

Line Skåtøy, konsulent

E-post: line.skatoy@ffo.no

Mobil: 47641477

 

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
94487908

Vestland fylkeskommune støttar Frivilligheitas år 2022

plakat sett pris på frivilligheten

Vestland fylkeskommune har fleire gode tiltak for å markere Frivilligheitas år  2022.

Frivilligheitas år 2022 

I Vestland vil vi markere frivilligheitas år 2022 med mellom anna frivilligkonferanse, kurs, ekstra tilskotsmidlar og ein nyoppretta frivilligpris. Vestland fylkeskommune har ei eiga side på nettsidene våre der vi vil legge ut informasjon fortløpande. Her finn du informasjon om nasjonale tiltak i Frivilligheitas år 2022.

Dei to første arrangementa er om kort tid:

Torsdag 27. januar inviterer Frivillighet Norge og Vestland fylkeskommune til dialogmøte med kommunane om frivilligheitas år og frivilligpolitikk frist er sett til 25 januar. Her finn du påmeldingsskjema og program.


Torsdag 17. februar kl. 17.00-19.30 inviterer Frivillighet Norge og Vestland fylkeskommune til digitalt kurs i søknadsarbeid og rekruttering. Her finn du program og påmeldingsskjema.
 

Fylkeskommunen lyser også ut tilskotsmidlar. 15. februar er fristen for å søkje om midlar til historiske ferdselsårer, stiar og vegar. I slutten av februar vil vi lyse ut ei tilskotsordning til regionale markeringar i frivilligheitas år.

Lokale organisasjonar og frivilligsentralar er invitert til å søkje om tilskot til VÅR DAG-arrangement. Neste søknadsfrist er 7. februar.

Frivillig.no og ungfritid.no

Vil organisasjonen din vekse og inkludere fleire nye frivillige og deltakarar i fritidsaktivitetar? Frivillig.no og Ungfritid.no er to gratis rekrutteringsverktøy for frivilligheita. Har du spørsmål, eller treng hjelp til å registrere organisasjonen din? Ta kontakt med dorthe@frivillighetnorge.no.

Har du spørsmål eller innspel som gjeld frivilligheit i Vestland? Ta kontakt med Åge Avedal, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, på tlf. 970 72 734 eller på e-post til age.avedal@vlfk.no.